Fake Christmas 2 - eit juleshow

For andre året på rad set Jotunheimen Underholdning opp ein heilt ny førjulsrevy.

Julebakst, julevask, julegaver, juleøl, juleribbe, julepreike, julekort, julehandel, julesnacks, julebord..... Det er så mykje som må ordnast i tida før jul og julestria blir ikkje mindre strid av at alt må dokumenterast og delast på sosiale media. Og innimellom alt skal ein ha tid til å hygge seg med eit lite glas rødt! Føles ikkje det heile litt fake? Kvar vart det av julebudskapet? Du finn det vel kanskje heller ikkje att om du kjem på Fake Christmas, men vi lover juletoner, julelatter og kanskje bittelitt sprø jule-ettertanke på toppen. Vårt musikalske juleshow skildrar baksida av julegleda gjennom humor og sang og kan gjerne inntas som julevorspiel med eit julebord i etterkant. 

God jul!

Med:

Lars Bakke

Viggo Didriksen

Ole Foss

Endre Skjåk

Reidar Svare

Pål Svindland

Eldri Tofte

Veronika Wolf

Kulisser: Barbro Bekken

Lyd: Kenneth M. Lewis

Lys: Kai Rune Melby


Billetter til Fake Christmas 2 - eit juleshow

  1. Fre 7. des kl 18:00 375 kr   Otta Kulturhus Kjøp
  2. Lør 8. des kl 18:00 375 kr   Otta Kulturhus Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_