Eit Vintereventyr - en monolog med Jacob Jensen

Eit vintereventyr 


Av Jan Roar Leikvoll
Ein monolog med Jacob Jensen


«Eg spring
spring inn i skogen 
ut av leiren 


eg spring ut av meg sjølv 
dit eg sjølv vil» 


Kor langt kan eit menneske i fangenskap gå og framleis kunne forsvare sine handlingar? - Ei teaterframsyning om eit menneskes galskap og avgrunn


Kan vi rettferdiggjere vondskap når det er for å overleva? 
Eit vintereventyr er ei rå, brutal og vakker framsyning om livet på innsida av ein arbeidsleir. I eit brutalt og rått kvardagsliv lengtar hovudpersonen etter å bli elska og få nærleik frå andre menneske. Håpet om at kjærleiken finst der det finst menneske, same kor forferdelege ting som skjer, tek all plass i tankane hans. Eit vintereventyr er ei forteljing om korleis både ytre og indre hendingar kan lyfte eit menneske opp og styrke det, eller knuse det.
 
Jan Roar Leikvoll sin kritikarroste debutroman blir no teater med Øystein Johansen på regi. Med seg har han Jacob Jensen som er nyutdanna skodespelar frå teaterhøgskulen, Kunsthøgskulen i Oslo og dette er hans fyrste monologframsyning. Jan Roar Leikvoll (1974 - 2014) blei frå og med debuten omtalt som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Leikvoll blei nominert til fleire prisar, og mottok Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013. Denne monologen er skrive av Kristian Lykkeslet Strømskag, og er det fyrste samarbeidet med Øystein Johansen


Framsyningar:
9. oktober - Otta kulturhus - Première 
10. oktober - Otta kulturhus
 
Framsyningslengde: 1 time og 15 minuttar (ingen pause). 
 
Team: 
Idé og prosjekteigar: Øystein S. Johansen. 
Dramatisering: Kristian Lykkeslet Strømskag 
Regi: Øystein S. Johansen
Skodespelar: Jacob Jensen
Teknikar: Tobias Pfeil
Produsent: Eline Lysen Paulsen
Foto og video: Erika Hebbert 


Produsert av Bunnyhead Productions i co-produksjon med School van Gaasbeek.
Framsyninga er støtta av Norsk kulturråd, Innlandet fylkeskommune, Fond for utøvende kunstnere, Fond for lyd og bilde og Oslo kommune. 


Billetter til Eit Vintereventyr - en monolog med Jacob Jensen

  1. Fre 9. okt kl 19:00 190 kr   Otta Kulturhus Kjøp
  2. Lør 10. okt kl 19:00 190 kr   Otta Kulturhus Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_